Babysong startar opp att 2. september

Me startar opp med babysong på Trevet i Åmot, tysdag 2. september kl. 11.00. Trevet ligg i same bygning som biblioteket i Åmot.

Babysong er eit musikktreff for barn med foreldre, som blir arrangert av helsestasjonen. Det blir musikk, song og dans. Her kan du treffe andre foreldre med barn i same alder, og ha det triveleg i lag.

Nina Rostin Svendsen har ansvar for song og musikk, og helsesjukepleiar er også til stades. Det er høve til å stille spørsmål om ting du lurar på.

Framover vil det vera babysong kvar tysdag kl. 11.00. Om det blir endringar i datoar og tidspunkt vil me leggje dette inn i aktivitetskalenderen "Kva skjer". Kalenderen kan du sjå her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Om du har spørsmål kan du kontakte helsesjukepleiar Grete B. Skomsvoll, på telefon 40 91 59 52.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?