Doner biletbøker til Tøyveskebiblioteket!
Har du biletbøker som ungane har vakse ifrå, men som framleis er like fine? Då blir me svært takksame og glade om du vil gje dei i gåve til Tøyveskebiblioteket.
Tøyveskebiblioteket er eit nasjonalt prosjekt som gjeng ut på at barnefamiliar kan låne med seg ein tøypose full av høgtlesingsbøker frå biblioteket, direkte via barnehagen.
I Vinje har me testa konseptet til stor suksess, og vil difor gjerne vidareføre og utvide prosjektet. Men me treng fleire bøker! Så, om du har liggjande biletbøker i heimen som ikkje blir lest og kan bli gjeve bort, kan dei no få nytt liv og koma til stor nytte for andre.
Du kan levere bøkene direkte til biblioteka i Åmot, Rauland og Edland i opningstida. Du kan også putte bøkene i bokinnkastluka utanfor biblioteket, eller i innleveringkassene inne i biblioteket, men då må du hugse å merke bøkene tydeleg med ein lapp der det står "Gåve til Tøyveskebiblioteket".
Ta kontakt med biblioteket om du har spørsmål.
Sjå opningstider og kontaktinfo til biblioteket her
Sist oppdatert
