Symjehallane opnar att i september!

Velkomen til ny badesesong i dei flotte symjehallane våre 😃

For at alle skal få ei god oppleving, er det viktig at alle fylgjer desse reglane:

Før du går i bassenget:

  • Dusj naken
  • Vask kropp og hår med såpe/sjampo
  • Bruk badetøy som er berekna til bading

Reglar for badstova (sauna)

  • Dusj før du går inn
  • Sit på handkledet ditt
  • Mat og drikke skal ikkje inn i badstova
  • Kremar og andre produkt skal ikkje inn i badstova

Symjehallane opnar fylgjande datoar:

  • Symjehallen på Raulandshuset opnar tysdag 2. september
    (Stengt 3. september grunna reparasjon av el-anlegg i samfunnshuset)
  • Symjehallen på Vinjehuset opnar tysdag 2. september
    (Sanitetslaget startar opp med varmebading måndag 1. september)
  • Symjehallen på Edland samfunnshus opnar i slutten av september, då det må bli gjennomført badevaktkurs før me kan opne. Me kjem tilbake med dato for opning når den er klar.

Slik bestiller du billett

Du kan kjøpe enkeltbillett, sesongkort og årskort til symjehallane på Vinjenett. Når du kjøper sesongkort eller årskort kan du bruke kortet i alle bassenga i kommunen.

Grunna stor pågang må alle som skal nytte symjehallen på Rauland kjøpe billett på førehand på Vinjenett. Dei som har sesongkort eller årskort reserverer tid på Vinjenett, ved å huke av på "har sesongkort" under betaling.

Kjøp billett og reserver tid på Vinjenett her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Les meir informasjon om symjehallane, opningstider og prisar her Åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?