Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september
Verdsdagen for sjølvmordsførebygging skal auke den globale kunnskapen og bevisstheiten om at sjølvmord kan førebyggast.
Årsaka til at ein person får tankar om, eller vurderer å ta sitt eige liv, er ofte samansett. For nokon er sjølvmordstankar knytt til ei krise eller depressiv episode, hjå andre er det eit langvarig og tilbakevendande problem.
Det finst mange stadar å få hjelp og behandling.
Når sjølvmordstankane kjem er det viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha slike tankar, og at det finst personar som ynskjer å hjelpe deg. Snakk med ein du stolar på og fortel korleis du har det. Det kan bidra til å sortere tankane og gjera det lettare å handtere situasjonen.
Sist oppdatert
