Vinje Skulegard er snart klar for å ta imot elevgrupper
Vinje Skulegard, på tidlegare Rauland prestegard, er etablert som eit samarbeid mellom Vinje kommune og Stiftinga Vinje Skulegard. Barna som får tilbodet, får ein trygg og godt tilrettelagt supplerande skulekvardag èin dag i veka, med praktisk tilnærming til læring i tråd med skulens kompetansemål og læreplanar.
Snart er Vinje Skulegard klar til å ta imot faste elevgrupper i Vinjeskulen. Det er fire gruppeleiarar og ein pedagogisk leiar tilsett. Pedagogisk leiar er også del av vertskapet på garden. Vertskapet heiter Ruben og Mirjam Kleppan. Dei har begge erfaring frå undervisning, og begge to er vakse opp på gard. Ruben har jobba innan bygg og anlegg, og har også hatt ansvar for lærlingar i bedrifter. Dei ber med seg verdifull og viktig kunnskap, erfaringar og kompetanse inn på skulegarden.
Gjennom våren, sommaren og hausten har bygningar blitt sette i stand, energianlegg montert, mellombels snekkarrom oppe på trevet er bygd, og kjøkken og andre rom i prestebustaden har blitt måla og oppgradert, og gjort klare til elevgruppene kjem etter haustferien. Ikkje alt er ferdigstilt endå, men det vil vera klart nok. Mykje av fokuset har vore at det skal vera godt å koma inn på Vinje Skulegard. Det skal kjennes heimekoseleg, og i det heile håpar ein at Skulegard vil skape ei kjensle av at dette er ein god stad å vera.
Den gamle kårbustaden blir også restaurert, der blant ana dei gamle skifertaksteinane kjem på plass att, og vindauga blir restaurert. Det er her vertskapet skal bu på sikt. Inntil vidare vil Ruben og Mirjam bu inne i prestebustaden, hovudhuset på garden. Prestebustaden vil bli bruka til slikt som fellessamlingar med elevgruppene, "mat og helse" gruppe og felles måltid.
Det blir ein spanande haust, og mest spente er kanskje dei tolv elevane som har fått plass ved Vinje Skulegard dette skuleåret. Dei vil få vera med på ulike grupper, som:
🍳 Mat og helse
🥕 Natur og friluft/grønsakhage
🐓 Dyr/gardsdrift
🔨 Snekkar/handverk
Alle gler seg til Skulegard kjem i gang, og til å sjå nytt yrande liv på garden, og ljos i glasa.
Sist oppdatert
