Dagsturhytte i Vinje - oppdatering

Det har kome inn mange gode forslag til kvar dagsturhyttene i Vinje kan liggje.

Mange av forslaga var godt forankra i lista med kriterium som Telemark fylkeskommune har sett for at me i Vinje skal få vere med på dette prosjektet. Lista med kriterium kan du lese her Lenke til et annet nettsted.

Det er også ein del forslag som ikkje treff på lista med kriterium, men som likevel kan vera aktuelle kandidatar til dagsturhytter, dersom Vinje kommune vedtek at me skal byggje fleire dagsturhytter.

Vegen vidare

For å koma vidare med prosjektet treng me no å koma i kontakt med eigarar av eldre ubrukte bygg, som kan tenkje seg å donere eller låne bort bygg til føremålet dagsturhytte. Bygget må vera mellom 15 og 30 m2 og må vera i såpass god stand at det kan vera mogleg å flytte sjølve bygget. Det bygget som endar opp med å bli råbygg til dagsturhytte vil bli sett i stand, og så vil dagsturhytta byggjast inne i bygget, som eit "bygg i bygget".

Døme på bygg som er aktuelle til dagsturhytteprosjektet:

  • Høysel
  • Røykeri
  • Smie
  • Naust
  • Kiosk
  • Ulike tome driftsbygningar

Det er flott om det er knytt forteljingar eller segner til bygga, men ikkje naudsynt.

Ta kontakt

Ta kontakt med verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian W. Rantala, dersom du sit på eit bygg du tenkjer kunne passe i prosjektet, og som du kan vera villig til å gje bort, eller låne ut for ein lengre periode.

Telefon: 94 98 38 23
E-post: kristian.rantala@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?