Tilbod om kurs for foreldre
Helsestasjonen har igjen gleda av å invitere foreldre og omsorgspersonar til kurs i programmet Circle of Security (Cos-p), Tryggleiksirkelen.
Kurset er for foreldre som har barn opp til 6 år, og kan vera nyttig om du har små eller større barn i alderen 0-6 år.
Praktisk informasjon:
- Kurset vil gå over 6 onsdagar
- Oppstart 15. oktober, kl. 13.30 - 15.00
- Oppmøtestad er på Trevet i Åmot (same bygg som biblioteket)
- Kurset er gratis
Kva er Cos-p?
Cos-p er eit veiledningsprogram som gjev foreldre verktøy til å forstå åtferd hos barnet, møte utfordrande situasjonar og vera ei trygg havn.
Programmet bygger på grunnprinsipp frå meir enn 50 års forsking med barn og foreldre. Foreldre og omsorgspersonar er dei næraste til å støtte barna sine på vegen mot trygge, glade og sosiale barn.
Påmelding
Meld deg på innan 8. oktober!
Det er «fyrstemann til mølla». Alle som får plass blir kontakta før oppstart.
Kontakt
Om du har spørsmål kan du gjerne ta kontakt med oss!
- Helsesjukepleiar Grete B. Skomsvoll, tlf 40 91 59 52
- Helsesjukepleiar Tove Haugen, tlf 91 71 90 34
Velkomen til eit spennande og lærerikt kurs 🌻
Sist oppdatert
