Bli med i UKM-crewet!

UKM-Vinje treng fleire ungdomar i crewet!

UKM er ein møteplass for ungdom og kultur, der me skapar noko saman. Det er UKM-crewet som planlegg og gjennomfører UKM-festivalen i Vinje.

Er du mellom 13 og 18 år? Les vidare 😀

Me treng ungdom som:

  • Har gode idear
  • Vil arbeide bak scena, t.d som lyd/ljosteknikar
  • Vil arbeide på scena , t.d som konferansier
  • Vil arbeide med å arrangere spel-quest
  • Er gode på system og lister
  • Vil lage noko morosamt for ungdomane i Vinje
  • Vil gjera alt!

Høyres dette ut som noko for deg? Meld deg på her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller ta direkte kontakt med UKM-ansvarleg i Vinje. Informasjon om oppstart og vidare arbeid blir formidla direkte til dei påmeldte.

UKM-ansvarleg i Vinje er Stine Beate Mondal Ljostad

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?