Informasjonsmøte om ØTB og Hydro sine planer om pumpekraftverk

Invitasjon til informasjonsmøte

I samband med at ØTB (Øst-Telemarkens Brukseierforening) og Hydro har varsla at dei har sett i gang arbeid med ei konsekvensutgreiing for oppgradering av kraftproduksjonen på Rjukan, ynskjer Vinje kommune å invitere til eit informasjonsmøte. Heilt konkret går planane ut på å etablere eit pumpekraftverk som vil kunne pumpe vatn frå Tinnsjøen til Møsvatn.

  • Tid: 8. oktober kl. 15.00-17.00.
  • Stad: den gamle skulen på Hovdeøyi
  • Skyss: det blir sett opp båttransport frå Varland kl. 14.30.

Det vil koma representantar frå ØTB, Hydro og Vinje kommune. Det blir servering av enkel mat, kaffe og kake.

Vinje kommune har sett ned ei arbeidsgruppe som har fylgjande mandat:

Vinje kommune set i gang arbeidet med å ivareta lokalsamfunnet Møsstrond, økosystemet og kommunens interesser i samband med Hydro sine planar om oppgradering av kraftproduksjonen på Rjukan. Arbeidsgruppa blir utvida med inntil 2 representantar utpeika av Møsstrond Grunneigarlag.

Bilde frå Møsvatn

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?