Dialogmøte om felles sti- og løypeplan for Hardangervidda - digitalt møte 29. september
Hardangerviddarådet har sendt forslag til felles sti- og løypeplan for Hardangervidda ut på høyring.
I samband med dette inviterer fylkeskommunane Buskerud, Telemark og Vestland til opne dialogmøte der dei presenterer hovudinnhaldet i planen og opnar for spørsmål og innspel knytt til forslaga om friluftslivsferdsel.
Tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde er også på høyring, men tiltaka i denne planen vil ikkje vera tema i dialogmøta.
Program for møta
Me startar med ein enkel matbit den fyrste halvtimen. Deretter presenterer me planen sitt innhald og opnar for dialog.
- Dag: Torsdag 18. september
- Tid: mat frå kl. 17.30, møtestart kl. 18.00
- Stad: Raulandshuset på Rauland i Vinje
Meld deg på her Lenke til et annet nettsted., frist måndag 15. september
Møte andre stader
- Måndag 15. september – Vasstulan 1100, Nore og Uvdal kommune
Mat frå kl. 17.30, møtestart kl. 18.00
Meld deg på her Lenke til et annet nettsted., frist fredag 12. september
- Tydag 16. september – Hardangervidda Natursenter, Øvre Eidfjord
Mat frå kl. 17.00, møtestart kl. 17.30
Meld deg på her Lenke til et annet nettsted., frist fredag 12. september
- Onsdag 17. september – Odda (rådhuset)
Mat frå kl. 17.30, møtestart kl. 18.00
Meld deg på her Lenke til et annet nettsted., frist måndag 15. september
Påmelding
Møta er opne for alle, men krev påmelding slik at me sikrar nok mat og sitjeplassar. Meld deg på via lenka under arrangementet.
Me håpar du har høve til å delta, og bidra med dine innspel!
Digitalt møte
Det vil også bli gjennomført eit digitalt møte måndag 29. september kl 18.00-20.00. Du kan logge deg på møtet på denne lenka Lenke til et annet nettsted..
Les meir
Les meir om samarbeidet om regional plan og Hardangerviddarådet her Lenke til et annet nettsted.
Sjå forslag til felles sti- og løypeplan for Hardangervidda her Lenke til et annet nettsted.
Kontaktperson
Lise-Berith Lian, Buskerud fylkeskommune, e-post: liseberitl@bfk.no
Sist oppdatert
