Eldredagen i Vinje 2025

Vinjehuset tysdag 30.09. kl 09.30 – 13.00

Senteret for et aldersvennlig Norge har tatt initiativ til ei nasjonal Eldreveke, som ei markering av FN-dagen for eldre 01. oktober.

Frå 29. september til 3. oktober sender Aldersvennlig Norge ein serie med korte og engasjerande webinar, fulle av inspirasjon, nyttige tips og gode råd for ein aktiv, inkluderande og god seniorkvardag.

Vinje kommune og eldrerådet i Vinje ynskjer å kombinere prat, underhalding, kaffe og kaker med vising av 3 av desse webinara på storskjerm i festsalen på Vinjehuset tysdag 30. september.

Program: 

  • Kl. 09.30: Velkomen
  • Kl. 10.00: Webinar: Å gjera noko for andre
  • Kl. 10.30: Informasjon om frivilligheit i Vinje, ved frivilligkoordinator Sigrid Hylland
  • Kl. 11.00: Webinar: Sikre dine digitale verdiar
  • Kl. 11.30: Kaffe og kringle
  • Kl. 12.00. Webinar: Kva og korleis kan me planleggje for eit godt liv heile livet?

Alle som kjenner seg som eldre er hjarteleg velkomne til ein dag for hygge, fellesskap og læring!

Dersom du ikkje kan delta denne dagen, eller vil fylgje webinara ein eller fleire av dagane denne veka, så er det mogleg å sjå webinara heime.

Meld deg på for å sjå webinara heime her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?