Rauland sentrum - korleis vil DU ha det?
Rauland sentrum er temaet, og no vil me høyre frå deg! Velkomen til folkemøte!
- Kva fungerer godt i sentrum i dag?
- Kva fungerer ikkje godt i sentrum i dag?
- Kva saknar du?
- Kva drøymer du om for framtida?
Vinje kommune vurderer om det er behov for å rullere sentrumsplanen for Rauland, og dine innspel er viktige for å finne ut av det. Me inviterer til eit ope og uformelt folkemøte med prat og idémyldring.
Stad: Raulandsakademiet
Dato: 2. oktober
Program
Møtet blir delt i to, og me startar med ein del som berre er for ungdomar og unge vaksne. På den siste delen av møte, frå kl. 19.00, er alle andre også velkomen!
Frå kl. 17.30
Ungdom og unge vaksne (opp til ca. 30 år)
– Kva skal til for at du vil bu i, eller flytte heim att, til Rauland?
Frå kl. 19.00
Alle vaksne
– Kva fungerer i dag, og kva bør vera annleis i sentrum?
Me legg opp til samtaler i små grupper, der me sit rundt eit bord og alle får koma til orde. Innspela blir samla og presentert for politikarane i etterkant.
Til fyrste del av møtet med ungdom og unge vaksne blir det servert brus og pizza. Til resten av møtet blir det enkel servering utover kvelden.
Velkomen😊
Sist oppdatert
