Vil du vera med og forme framtida for landbruket i Vest-Telemark?
Vest-Telemarkrådet har starta eit treårig prosjekt (2025–2028) for å teste agronomiske og klimavenlege tiltak i jordbruket. Målet er å styrkje jordhelse, fôrgrunnlag og økonomisk tryggleik – og finne praktiske løysingar som gjer det lettare å halde fram med landbruksdrift.
No søkjer me pilotbøndar som vil vera med og prøve ut tiltak på eigen gard. Du får fagleg oppfylging, tilgang til nettverk og kompetanse, og høve til å delta på markdagar og studietur.
Me ynskjer svar frå alle som driv aktivt jordbruk, uavhengig av om du ynskjer å vere pilotbonde eller ikkje.
Svara dine vil vera viktige for det vidare arbeidet i prosjektet, og alle svar blir behandla konfidensielt.
Lenke til spørjeskjema finn du her. Lenke til et annet nettsted.
Svarfrist: 1. november 2025

Sist oppdatert
