Velkomen til marknad i Rauland barnehage
Onsdag 15.oktober kl.14.30-16.30.
Inntekta frå marknaden går til FORUT barneaksjonen.
I fleire år har Rauland barnehage delteke i Forut sin barneaksjon. I år vil me slå skikkeleg på stortromma, og lagar marknad i Rauland barnehage til inntekt for aksjonen. Her er det ope for alle, håpar me sjåast!
Me har fokus på gjenbruk, så det blir loppemarknad! Det blir også sal av sveler, kakkelotteri, leikar, song og ikkje minst lykkehjul, med fine premiar frå mange flotte lokale sponsorar.
Barnehagen tek imot lopper til loppemarkaden kvardagar mellom kl. 7.30-16.00 fram til 13.okotober. Tinga må vera heile og reine, og me kan ikkje ta imot store møblar og liknande.
På marknaden kan du betale med Vipps. Om det er nokon som ikkje har Vipps, kan me ta imot kontantar, men ikkje store kontant beløp, då me har lite veksel.
Pedagogsik opplegg frå FORUT
Kvart år tilbyr FORUT eit pedagogisk opplegg for barnehagar, om korleis barn i andre land lever i forhold til oss i Noreg. Dette gjev kunnskap om globale forskjellar, ulikheiter og samanhengar på eit nivå som barn i Noreg forstår og synast er spanande. Barneaksjonen er godt forankra i Rammeplan for barnehagar. Ein viktig del av Barneaksjonen er at barn i Noreg gjer ein innsats for å skaffe midlar til å gjere barn tryggare i andre land. I år skal me bli kjent med Sanjana og livet hennar i Sri Lanka.
Hjarteleg velkomen til marknad 😊
Sist oppdatert
