Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober

Verdsdagen for psykisk helse er ei nasjonal befolkningskampanje som blir markert over heile landet kvart år. Temaet i år er psykisk beredskap.

Psykisk beredskap handlar om evna me har til å tåle det me ikkje har kontroll over, å kjenne våre eigne grenser – og våre eigne ressursar. Og så handlar det om det me bygger rundt oss av tryggleik, fellesskap og strukturar, som gjer det lettare å stå i motgang.

Utdrag frå verdensdagen.no:

Årets kampanje inviterer til ein felles innsats for å styrke den psykiske motstandskrafta vår i ei uroleg tid.

Det kjem dagar som endrar alt. Nokre kriser rammar brått og brutalt, som terrorangrepet under Oslo Pride 25. juni 2022. Andre utviklar seg over tid, som den tunge klumpen av uro i brystet, einsemda som snik seg inn i kvardagen, eller samhaldet som gradvis forvitrar.

Det einaste me veit, er at ingen går fri. I dag kjenner mange på uro og uvisse, både i verda rundt oss og i eigne liv. Det stiller nye krav til korleis me tek vare på den psykiske helsa vår – som enkeltmenneske og som samfunn.

Morgondagen har alltid vore uforutsigbar. Me treng å styrke den psykiske beredskapen vår.

Les meir om verdsdagen for psykisk helse her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I lista under kan du sjå sjekkliste for psykisk beredskap.

Plakat verdsdagen 2025 ståande 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?