Vaksinering i haust
Vinje kommune har tilbod om vaksinasjon mot sesonginfluensa, Covid-19 og Pneumokokksjukdom for innbyggjarar i målgruppene.
Frå og med hausten 2025 er dette ein del av det nye nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Les meir om kven som er i målgruppene for dei ulike vaksinene i dei blå boksane under.
Nytt i år:
- Covid-19 vaksina er ikkje lenger gratis.
- Covid-19 vaksina blir no berre anbefalt spesielt for aldersgruppa frå 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom.
- Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom er eit tilbod til alle i eitt bestemt årskull, og i år gjeld dette personar fødd i 1960. Framover vil tilbodet gjelde alle som fyller 65.
Tid og stad for vaksinering i Vinje
Vinjehuset
- 16. oktober, kl. 12.00 – 18.00
- 17. oktober, kl. 12.00 – 18.00
- 31. oktober, kl. 12.00 – 18.00
- 28. november, kl. 12.00 – 17.00
Rauland legekontor
- 22. oktober, kl. 09.00 – 15.00
Edland legekontor
- 23. oktober, kl. 09.00 – 15.00
Me oppmodar alle i målgruppene om å koma på Vinjehuset på fellesvaksinasjon. Tilbodet på Rauland og Edland er meint for personar som har vanskeleg for å koma seg til Vinjehuset.
Vaksiner og målgrupper
Sesonginfluensa
- Alle som har fylt 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før svangerskapsveke 32, frå dei er 6 mnd. gamle og til dei er 5 år.
- Vaksne og barn med:
- Kronisk lungesjukdom (også astma)
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), særleg personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- Diabetes type 1 og 2
- Kronisk lever eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved nedsatt lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan utgjere ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
- Helsepersonell (får tilbod på arbeidsplassen)
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Svinerøktarar eller andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Personar som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl
Covid-19 vaksine
Tilbod til innbyggarar over 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom:
- Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), til dømes hjartesvikt eller hjerneslag
- Diabetes, særleg dårleg kontrollert sjukdom eller seinkomplikasjonar
- Kronisk alvorleg lever- eller nyresjukdom
- Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Fedme med KMI over 35
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
- Personar frå 65-74 år er ikkje lenger anbefalt å ta vaksina, men kan likevel få tilbod om å ta vaksina om dei ynskjer det
- Personar som fell utanfor målgruppene over, vil ikkje få tilbod om å ta Covid-19 vaksina i år.
Pneumokokksjukdom
Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan forårsake lungebetennelse, blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.
Merk at det berre er personar som er fødd i 1960 som får vaksina til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne i år.
Andre må ta kontakt med fastlegen for å vurdere om dei er i målgruppa, og få resept på vaksine slik som før.
Les meir om Pneumokokksjukdom her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Prisar
Me nyttar dei rettleiande prisane frå Folkehelseinstituttet:
| Type vaksinasjon | Pris |
| Sesonginfluensa | kr. 301 |
| Covid-19 | kr. 110 |
| Covid-19 samvaksinasjon | kr. 85 |
| Pneumokokksykdom | kr. 110 |
| Pneumokokksykdom samvaksinasjon | kr. 85 |
Samvaksinasjon tyder at du tar vaksina saman med ei anna vaksine samstundes
Kontaktinfo
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med vaksinekoordinator, Halvor Hylland Olsnes, på telefon 41 41 24 68
Sist oppdatert
