Takk for alle bidrag 💛

Tusen takk til alle som har bidrege til årets TV-aksjon! 

Skulane våre gjorde ein imponerande innsats, og samla inn heile 182.426 kroner! Her må me også få takke næringslivet, som støttar opp med premiar.

I tillegg kom det inn 97.432 kroner gjennom bøsseinnsamlinga.

Vinje kommune samla til saman inn 350.026 kroner – eit fantastisk beløp som vil gjera ein forskjell for mange!

Ein stor takk til elevar, lærarar, bøsseberarar, frivillige, lag og organisasjonar, næringsliv og alle som gav eit bidrag – stort eller lite.

Og ein ekstra takk til Sparebanken Din, som sto for oppteljinga!

Du kan sjå oversikt over bidraga frå Vinje kommune her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?