Eigenberedskapsveka 2025
Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av!
Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager med ein beredskapsven!
I veke 44 blir Eigenberedskapsveka 2025 arrangert. Målet er å auke bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjera både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå – til dømes langvarige straumbrot.
Alle treng ikkje gjere alt åleine. Det kan vera lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.
Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:
- Fyrstehjelp ved skadar
- Omsorg og støtte
- Opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- Omsetjing og forklaring av informasjon frå myndigheitene
- Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- Innkjøp, bering og transport
- Byte eller bytelån av utstyr og varer
- Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
- Felles matlaging
Fakta om Eigenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap
- Målet er å auke kunnskapen og bevisstheiten i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølv i éi veke
- Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsven
- På dsb.no/eigenberedskap Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du mange gode tips om korleis du kan styrkje eigenberedskapen din
Sist oppdatert
