GS-veg Krossen-Austbø - status
Reguleringsplanen vart vedteke 14. september 2023. Vedtaket vart klaga på og klagehandsama.
Kommunestyret vedtok sak om «Konsekvensar av å flytte fylkesvegen ved Myrvang, Åsbogdalen og Haddi» i møte 18. juni 2024, og sendte klagesaka vidare til statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Statsforvaltaren gjorde vedtak 17. mars 2025 der dei opprettheldt vedtaket til kommunen frå 2023, og planen er difor gjeldande for området og vidare bygging.
Det er Telemark fylkeskommune som er vegeigar, og som skal byggje gs-vegen og ha prosessen vidare. Fylkeskommunen har gjennom Handlingsprogram fylkesveg 2024-2027 løyvd pengar til ny gang-/sykkelveg i tråd med vedtatt reguleringsplan.
Kommunen skal i eit møte med fylkeskommunen 11. november for å høyre om vidare planlegging og gjennomføring.
Reguleringsplanen
Plandokument kan de sjå i kommunen sitt planregister.
Link til planen GS-veg Krossen- Austbø finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med sakshandsamar Anne-Sofie B. Strømme på telefon 81 18 42 9 eller e-post: anne-sofie.stromme@vinje.kommune.no om du har spørsmål til planen.
Spørsmål i høve bygging av gs-veg må du ta med Telemark fylkeskommune tlf. 35 91 70 00 eller post@telemarkfylke.no.
Sist oppdatert
