Greier du deg sjølv i ei veke?

Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? Eigenberedskap inneber å vera førebudd på slike situasjonar.

Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg
sjølve i éi veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei me har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforsvaret – altså summen av samfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig.

Kva kan skje?

Verda me lever i blir stadig meir uroleg, mellom anna som fylgje av
klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som
det skal i Noreg, må me vera førebudde på at me kan bli ramma av ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasjar og – i verste fall – krigshandlingar.

Slike kriser kan gje store konsekvensar. Straumbrot kan til dømes gjera at du mistar vatnet i springen, at du ikkje får laga mat slik du er van med, og at kloakksystemet, betalingsløysingar, internett og mobiltelefon ikkje fungerer som normalt.

Kva bør du gjera?

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste.
Ved å fylgje råda i denne brosjyren blir du betre i stand til å handtere
alt frå små skiplingar i kvardagen til større kriser. I tillegg bidrar du til at
styresmaktene kan prioritere dei som treng hjelpa mest.

Hugs: Å vera litt førebudd er mykje betre enn å vera heilt uførebudd.

Sjekkliste for eigenberedskap

I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som det er lurt å ha heime. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom.
Her kan du sjå og laste ned sjekklista for eigenberedskap pdf, 507 kB, åpnes i nytt vindu.

Bli ein beredskapsvenn

Å vera ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for deg sjølv, men også for naboar, venner og familie som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon. Finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av.

Treng du ny brosjyre om eigenberedskap?

I 2024 fekk alle husstandar brosjyre om eigenberedskap i posten. Om du treng ei ny brosjyre, kan du hente på Tenestetorget i Åmot, eller på biblioteket i Åmot, Edland eller Rauland. Du kan også finne brosjyra på ulike butikkar og kafear i Vinje.

Les meir om eigenberedskap her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?