Vellukka Girl Tech fest!

Torsdag 30. oktober arrangerte Vinje og Tokke bibliotek Vest-Telemark sin fyrste Girl Tech Fest på Vinjehuset.

Opplegget er for jenter i 5. klasse, og alle skulane i Vinje og Tokke kommunar deltok, minus Øyfjell som ikkje har jenter i 5. klasse i år.

Girl Tech Fest er ein annleis skuledag, med teknologiske workshopar og mykje moro. Målet er at fleire jenter skal interessere seg for teknologi, og få kunnskap om korleis dei kan vera med på å utvikle verdiskapande teknologi i framtida.

Denne dagen fekk me besøk av dyktige kvinner frå Statkraft og Brunvoll Mar-el, som viste oss kva for teknologi og verktøy dei brukar på jobb. Elevane fekk blant anna prøve VR-briller, køyre ein radiostyrt bil, ta og sjå på ei ekte drone, og sjå koding i praksis. Dei hadde også med seg ei fin utstilling om kvinnelege oppfinnarar, og viste korleis elevane kan bruke koding i spel, som til dømes Minecraft.

I tillegg hadde dei tilsette på biblioteket ein workshop om koding, der elevane fekk prøve seg på å skrive og utføre algoritmar for hand med kopptårn. Elevane blei delt opp i grupper, der ein elev var "roboten" som skulle utføre algoritmen (bygge kopptårnet), medan resten av elevene på gruppa var kodarane som designa algoritmen som beskreiv korleis tårnet skulle byggast.

Me håper å arrangere Girl Tech Fest neste år også, og då i lag med fleire kommunar i Vest-Telemark😀

Les meir om Girl Tech Fest her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?