SMIL-tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Me har fått eit auka rammetilskot for istandsetting av eldre bygg i landbruket, skjøtsel av attgrodd jord eller tiltak på geitestøyl. Ver rask og søk innan 1. desember!

Formålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

I Vinje har me denne prioriteringa:

  • Ny - Tiltak for å ta vare på geitestøylane
  • Tiltak som tar vare på gamal kulturmark, og legg til rette for oppleving  i kulturlandskapet – typisk rydding og inngjerding av attgrodd innmark for beitedyr.
  • Tiltak som tar vare på verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet. Freda bygningar er ikkje lenger godkjent for tilskot.
  • Turstiar i jordbrukslandskapet 
  • Miljøtiltak: tiltak som reduserer ureining frå jordbruket til jord, luft og vatn, overbygg eksisterande gjødsellager

Søknadsfrist er som regel 1. juni – eventuelt 1. oktober om det er midlar att.
I år fekk me auka rammetilskotet for enkelte tiltak, og forlengar difor fristen fram til 1. desember.
Det er berre mogeleg å søkje på elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Normal tilskotssats i Vinje ligg på 20-50 % av kostnadsoverslaget, avhengig av kor mange saker me får.

Andre tilskotsordningar

Me minner om desse tilskotsordningane til verneverdige bygningar:

Vest-Telemark museum ved bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen tilbyr fylgjande i samband med ivaretaking og restaurering av eldre og bevaringsverdige bygg:

  • Enkel synfaring med rådgjeving. Praktiske gjeremål og tekniske løysingar
  • Synfaring med utarbeiding av tilstandsvurdering og fotodokumentasjon, og råd til søknad om økonomisk stønad
  • Alt innan rammene av eit gratis dagsverk.
  • Kontaktinfo: telefon 46 88 61 38 eller e-post:  tap@vtm.no.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?