Vinnaren av Vinje kommune sin arbeidsmiljøpris er Åse-Kari Rui Gardsteig

Det er med stor glede me gratulerer Åse-Kari Rui Gardsteig som vinnar av arbeidsmiljøprisen i Vinje kommune for 2025💐

I år deler Vinje kommune ut arbeidsmiljøprisen for andre gong. Prisen blir delt ut til ei verksemd, ei avdeling, eit fagmiljø, ei gruppe eller ein enkeltperson, som aktivt har bidrege til å setje fokus på arbeidsmiljøet i kommunen vår. I år kom det inn 10 nominasjonar til prismottakarar.

Årets vinnar

Åse-Kari er tilsett som assisterande rektor ved Edland skule, og per i dag fungerer ho som rektor for ein periode. Ho blei nominert av Rune Sudbø Tveito i år, og blei også nominert av fleire kollegaer i fjor. Arbeidsplassen til Åse-Kari får 10.000 kroner som dei kan bruke til arbeidsmiljøtiltak.

Her er grunngjevinga frå Rune:

"Åse-Kari Rui Gardsteig, assisterande rektor ved Edland skule, er ein medarbeidar som på ein heilt unik måte bidreg til eit varmt, inkluderande og trygt arbeidsmiljø. Ho har ei sjeldan evne til å få menneske rundt seg til å føle seg sett, verdsett og ivaretatt – kvar einaste dag.

Med sitt gode humør, sin smittande energi og sin djupe omsorg for andre, spreier Åse-Kari trivsel og arbeidsglede på heile skulen. Ho møter alle med respekt og ei godheit som er vanskeleg å skildre med ord, men som alle som jobbar ved Edland skule kjenner på. Ho er ei trygg og stødig støtte for kollegaer i både kvardagslege og krevjande situasjonar, og har ein særleg evne til å sjå dei som treng hjelp og støtte – ofte før dei sjølve ber om det.

I rolla som skuleleiar kjem desse eigenskapane til sin fulle rett. Åse-Kari møter tilsette i sårbare situasjonar, som ved sjukdom og sjukemelding, med ei ro, forståing og verdigheit som skapar tryggleik og tillit. Ho er ein viktig bidragsytar til eit inkluderande arbeidsliv, og arbeider aktivt for å førebyggje fråfall og sjukefråvær gjennom nærleik, tilrettelegging og ekte omsorg.

Åse-Kari er ikkje berre ein god kollega – ho er ein kulturbærar for det gode arbeidsmiljøet ved Edland skule. Ho har gjort ein merkbar og varig positiv forskjell for både enkeltpersonar og fellesskapet, og er ein naturleg kandidat til arbeidsmiljøprisen."

Her er juryens vurdering:

"Åse-Kari Rui Gardsteig er tilsett som assisterande rektor ved Edland skule, og blei nominert av kollegaer både i år og i fjor.

Åse-Kari fyller alle kriteria til arbeidsmiljøprisen. Med si framferd opptrer ho mot kollegaene med respekt, trygg ivaretaking, støtte og godt humør. Med dette bidreg ho til eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og eit stabilt lågt sjukefråvær."

Juryen består av:

  • Jan Myrekrok, kommunedirektør 
  • Liv Bjåen, hovudverneombod
  • Liv S. Årlid, hovudtillitsvald i Fagforbundet  
  • Tone Hild Sørland Lyslid, HMS-rådgjevar

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?