Korleis skal me møte framtidas utfordringar på ein god måte?
Noreg står føre grunnleggjande endringar i demografi i åra framover, med fleire eldre, svakare tilgang til arbeidskraft og ein meir pressa kommuneøkonomi. Vinje går heller ikkje klar av desse utfordringane.
Det er venta nær dobbelt så mange over 80 år innan 2040, og parallelt med knappheit på arbeidskraft, gjer det til at me må sjå på korleis me kan løyse velferdsoppgåvene våre betre enn det me gjer i dag.
Me vel no å starte opp ein administrativ prosess for å utvikle organisasjonen. Målet er å gjere oss betre rusta til å handtere dei utfordringane me ser kjem. Arbeidet startar med kartlegging av det som påverkar kor mykje ei teneste kostar og kva me får att for pengane me nyttar. Me vil nytte kommunekompasset som verktøy for å hjelpe oss.
Kommunekompasset er utvikla av KS (Kommunesektorens interesseorganisasjon) i samarbeid med SKR (Sveriges kommuner og Regioner), og skildrar den ideelle forvaltningspraksisen i ein kommune. Kommunane blir så målt opp mot dette idealet, og me vil få ein rapport om kor nært eller langt i frå me står idealet.
Les meir om kommunekompasset her Lenke til et annet nettsted.
Kommunekompasset vurderer fire perspektiv på korleis den kommunale organisasjonen jobbar:
- Demokrati, samspel og samfunnsutvikling
- Styring og effektivitet
- Service og kvalitet
- Leiarskap og medarbeiderskap
Innanfor desse fire perspektiva er det åtte delområde som blir vurdert:
- Offentligheit og demokrati
- Samfunnsutvikling
- Styring og kontroll
- Effektivitet
- Brukarfokus
- Kvalitetsutvikling
- Arbeidsliv
- Leiarskap og medarbeiderskap
Slik vil me arbeide
Rapporten me får skal gje eit godt bilde på kva som er kommunen sine utfordringar som organisasjon, og gje oss grunnlag for å vurdere kva kommunen bør prioritere av utviklingsarbeid framover. I prosessen vil me involvere politikarar, toppleiinga, den utvida leiargruppa, tillitsvalde, hovudverneombod og andre ved behov.
Me startar med to temadagar om økonomi for politikarar, og ein temadag for den utvida leiargruppa. Utover våren blir det arbeidsmøte for å kartlegge nosituasjonen, og moglegheitsromet me har. Utifrå arbeidet vil resultatet bli presentert for formannskapet, og så blir det ei rammesak til politisk handsaming. Rammesaka vil legge grunnlag for arbeidet med budsjett for 2027 og åra framover. Me vil informere og innvolvere undervegs, og har god tru på at me i felleskap skal skape gode tenester til innbyggjarane også framover.
Folkemøte
Me vil ha eit folkemøte i samband med arbeidet i løpet av våren, meir informasjon om dette kjem seinare.
Sist oppdatert
