5000 brukar innbyggjarappen i Vinje!
No har me akkurat bikka 5000 brukarar av innbyggjarappen i Vinje kommune! Tusen takk for at du brukar appen, og fylgjer med på kva som skjer i kommunen vår 🤩
Har du ikkje lasta ned innbyggjarappen enno?
Les meir om innbyggjarappen Friskus, og sjå korleis du lastar den ned til telefon eller nettbrett her
Her kjem siste nytt om innbyggjarappen:
Nytt ikon og namn i appen 📱
Når du vel Vinje kommune som heimkommune, vil kommunevåpen og kommunenamn bli vist på framsida i appen. For iPhone-brukarar vil ikonet på startskjermen på telefonen også bli bytt til Vinje sitt kommunevåpen. For Android-brukarar vil ikkje app-ikonet på startskjermen bli endra.
Nye kategoriar
Me har oppretta tre nye kategoriar den siste tida:
- Friskliv og meistring
Informasjon om tilbod og aktivitetar i regi av Friskliv og meistring, samt meldingar om timar som blir avlyst og liknande. - Frivilligsentralen
Stort og smått frå frivilligsentralen, til dømes informasjon om aktivitetar og førespurnader til frivillige. - Pårørande
Informasjon til deg som er pårørande, mellom anna om om tilbod til ulike pårørandegrupper, og om ting som skjer på sjukeheim og omsorgssenter.
Du kan endre på kategoriane du fylgjer
Du kan når som helst endre på kva for kategoriar du ynskjer å fylgje. Gå inn på dei tre vassrette strekane øvst i appen, og vel "Mine val". Då kan du velje heimkommune, eventuelt andre kommunar du vil fylgje, og så kan du velje dei kategoriane du ynskjer å få informajson om.
Har du innspel eller tips til forbetringar?
Me ynskjer å gjera innbyggjarappen så bra som mogeleg, og vil gjerne ha tilbakemelidng om ting som fungerer bra, og ting me kan forbetre. Send oss ei melding på e-post: tenestetorget@vinje.kommune.no, eller ring oss på telefon: 35 06 23 00
Sist oppdatert
