Bli med på UKM workshop!
Laurdag 6. og sundag 7. desember arrangerar me UKM-workshop for barn og ungdom.
UKM-crewet i Vinje ynskjer alle ungdomar i Vinje velkomen til ei morosam helg, der du skal få utvikle deg og bli meir sjølvstendig i hobbyen din. Her vil det vera noko for einkvar smak, alt frå musikk, dans, song, lyd/ljos, nålefilting, brikkeband med meir.
- Tilbodet er for barn og ungdom. Me prioriterer dei som er frå 7. klasse og oppover, men om me har ledige plassar opnar me for at barn heilt ned til 10 år kan delta.
- Kursa er gratis og det vil bli servert lunsj.
Påmelding
Du melder deg på dei kursa du har lyst å delta på. Om du melder deg på fleire kurs må du passe på at kursa ikkje er sett opp på same tid. Nokon kurs har begrensa med plassar, så ver rask med å melde deg på.
Når du kjem inn på påmeldingssida ser du oversikten over komande arrangement på høgre side. Klikk deg inn på "Påmelding" på dei kursa du vil delta på, og fyller inn resten av informasjonen.
Frist for påmelding er 2.desember.
Sist oppdatert
