Vinje skal bli ein demensvenleg kommune

Onsdag denne veka signerte Vinje kommune, ved ordføraren, under på ei avtale med Nasjonalforeininga for folkehelsa om å gjera Vinje til ein demensvenleg kommune.

Eit meir demensvenleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Opplæringa går ut på å spreie kunnskap blant tilsette i butikkar, bankar, apotek, transport, osb. om kva demens er og korleis ein kan gje god service. På den måten vil det bli lettare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar, som å handle, bruke offentleg transport, gå til frisøren, på apoteket, ta taxi, vere i fysisk aktivitet eller bruke kulturaktivitetar som bibliotek, kino og konsertar.

Når fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettare å leve med sjukdomen og resultatet er eit venlegare samfunn for oss alle.

Til stades under signeringa var representantar frå Nasjonalforeninga for folkehelsa, ordførar Jon Rikard Kleven, demenskoordinator Marianne Eriksen, frivilligkoordinator Sigrid Hylland, fagrådgjevar Astrid Marie Kvaal (ikkje på bilde), og representantar frå næringslivet: Gudrun Semons og Elin Haugland Hommo.

No som avtala er undeskriven har Vinje kommune fått tilgang på Nasjonalforeininga sitt kursmateriell, som allereie er i bruk i over 200 norske kommunar.

Les meir om korleis me jobbar med demens i Vinje kommune her

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?