Ny rektor ved Åmot skule
Gisle Bonna Espedalen frå Bø har takka ja til tilbod om rektorstillinga ved Åmot skule!

Gisle (57 år), er lærarutdanna med rektorutdanning i tillegg. Han har mange år som kontaktlærar i grunnskulen, og rektor på skular i Seljord, Bø og Bykle i til saman 19år. I tillegg var han kommunalsjef for oppvekst i Bø/ Midt-Telemark i to år. Noverande rektorstilling er på Fjellgardane skule på Hovden.
Gisle ynskjer å legge til rette for godt samarbeid og god medverknad i alle ledd. Han ser på foreldregruppa og lokalmiljøet som ein stor ressurs. Han har har sett seg godt inn kva Åmot skule er og har vore, og han er topp motivert for jobben på Åmot skule.
Gisle vil starte opp så fort han kan, men har tre månader oppseiingstid i noverande jobb.
Me ynskjer Gisle velkomen til Vinje kommune😊
Sist oppdatert
