Nytt røykeforbod på leikeplassar og idrettsområde frå 1. januar 2026
Frå årsskiftet blir leikeplassar og utandørs idrettsområde i Noreg røykfrie.
Det blir forbode å røyke på alle leikeplassar og idrettsområde utandørs som er opne for allmenta. Forbodet gjeld òg e-sigarettar. Målet er å beskytte barn og unge mot passiv røyking.
Utandørs leikeplassar
Forbodet gjeld leikeplassar som er allment tilgjengeleg og som er opparbeidde eller naturlege område tilrettelagde for leik.
Leikeplassar som berre er tilgjengelege for ei avgrensa gruppe, til dømes i burettslag og sameige, fell utanfor regelverket dersom det går tydeleg fram at dei ikkje er er allment tilgjengeleg.
Utandørs idrettsområde
Forbodet gjeld område som er opparbeidde eller tilpassa for idrett, som:
- idrettsbanar
- tribunar og tilskodarområde
- utandørs garderobar og område der utøvarar gjer seg klare
Områda skal vera røykfrie òg når dei blir brukte til andre formål, til dømes konsertar eller arrangement.
Parkar og friluftsområde som hovudsakleg er tilrettelagde for rekreasjon, er ikkje omfatta.
Kven har ansvaret?
Den som eig eller driv området skal sørge for at forbodet blir fylgt. Det betyr at ansvarleg skal:
- skilte tydeleg der det kan vera tvil
- be personar om å slutte å røyke
- kunne vise bort personar som røyker der forbodet gjeld
Kommunen kan gi pålegg og tvangsmulkt
Ved brot på forbodet kan kommunen gi pålegg om retting og ilegge tvangsmulkt. Reaksjonane rettast mot den ansvarlege for området, ikkje enkeltpersonar som røyker. Vedtak frå kommunen kan klagast til Statsforvaltaren.
Bakgrunn
Stortinget vedtok i juni 2025 eit forbod mot røyking på leikeplassar og utandørs idrettsområde.
Du kan lese meir om bakgrunnen for røykeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde i proposisjonen til Stortinget (frå side 14):
Sist oppdatert
