Influensaen er her – du treng ikkje å oppsøkje legevakt om det ikkje er heilt nødvendig

Influensasesongen har kome tidlegare enn normalt i år, og er venta å bli ekstra kraftig.

Legevakta er til for akutte situasjonar som ikkje kan vente til legekontoret opnar, og skal ikkje bli brukt til rutinetestar og symptom på forkjøling. Du treng som regel ikkje kontakte legevakta når du har influensa, med mindre du har pustevanskar og underliggande sjukdomar, eller veldig høg feber.

Hugseliste for korleis legevakta skal bli brukt:

Ring fyrst – ikkje møt opp utan avtale

Om du lurer på om du må ta ein tur på legevakta må du alltid ringe oss fyrst, slik at helsepersonell kan vurdere behovet ditt. Ring legevakta på telefon 116 117.

Når skal du bruke legevakta?

  • Ved akutt sjukdom eller skade som ikkje kan vente.
  • Dersom du treng rask vurdering, men ikkje ambulanse.
  • Ved alvorlege symptom som pustevanskar, sterke smerter eller mistanke om alvorleg sjukdom.

Når skal du ikkje bruke legevakt?

  • For småplager som kan vente til legekontoret opnar.
  • For å sjekke CRP eller få antibiotika ved vanleg forkjøling eller influensa.

Tips ved influensa og forkjøling

  • Hald deg heime, ta febernedsetjande og drikk godt.
  • CRP-test er sjeldan nyttig ved influensa – den er ofte høg uansett.
  • Bruk hurtigtest frå apoteket om du er nysgjerrig, og send gjerne ein frisk pårørande for å kjøpe den.

Me set pris på di forståing. På denne måten bidreg både du og me til at dei som faktisk treng akutt helsehjelp får det, og at me ikkje utset andre for unødvendig smitte💙

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?