Nye opningstider på biblioteka etter jol

Etter jol vil alle dei tre biblioteka i kommunen få justerte opningstider. I Åmot er endringa av opninstida fast, men på Rauland og Edland vil endringa truleg gjelde for ein periode i vinterhalvåret. Me kjem tilbake med informasjon om dette utpå våren.

Biblioteket i Åmot:

  • Måndag: stengt
  • Tysdag: kl. 12.00 - 19.00
  • Onsdag: kl. 10.00 - 17.00
  • Torsdag: kl. 10.00 - 17.00
  • Fredag: kl. 12.00 - 15.00
  • Laurdag: kl. 12.00 - 15.00
  • Sundag: stengt

Biblioteket på Rauland:

Biblioteket vil vera ope på torsdagar frå kl. 15.00 - 19.00

Biblioteket på Edland:

Biblioteket vil vera ope på onsdagar frå kl. 15.00 - 19.00

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?