Kurs om demens for servicenæringar i Vinje
Vinje kommune skal bli ein demensvenleg kommune.
Me ynskjer no å tilby eit timelangt kurs for tilsette i alle servicenæringar, der de kan lære meir om korleis de kan møte personar med demenssjukdom.
Kurset er gratis og me kjem gjerne til dykk for å halde kurset - når og kvar det passar best for dykk!
Kunnskapen frå kurset vil gjere det enklare å yte god service i møte med dei som har demens. Det vil bety mykje for dei det gjeld og deira pårørande.
Ved å delta kan de bidra til at Vinje blir eit meir inkluderande samfunn.
Arbeidsplassar som deltek på kurset får eit symbol/klistremerke som syner at tilsette har delteke på kurs. Etter gjennomført kurs får deltakarane også ei brosjyre med gode tips.
Ta kontakt med demenskoordinator Marianne Eriksen for å gjere avtale om kurs:
- E-post: marianne.eriksen@vinje.kommune.no
- Telefon på dagtid: 90 91 44 69
Sist oppdatert
