Sletting av studielån for innbyggjarar i Vinje

Frå 5. januar 2026 kan innbyggjarar som har budd i Vinje heile det siste året og er yrkesaktive, søkje om å få sletta 25 000 kroner av studielånet sitt.

Ordninga gjeld dei som bur i landets 189 minst sentrale kommunar, og Vinje kommune er ein av desse kommunane.

Den nye ordninga inneber at:

  • Du som bur i Vinje kan søkje om å få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år. Det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta studielånet.
  • Du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søkjer.
  • Du må ha budd i kommunen i minst eitt år før du søkjer.
  • Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. januar 2025.
  • Studielån frå utdanning og opplæring som er teke på alle nivå kan bli sletta. Dette inkluderer folkehøgskule, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning.

Det er Lånekassen som administrerer ordninga, og det er dei du må kontakte om du har spørsmål.

Les meir om ordninga her (Lånekassen.no) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Slik søkjer du

Du søkjer om å få sletta studielån på Lånekassen si nettside.

Flytte til Vinje?

Ta gjerne kontakt med Vinjelosen vår, Silje Hagen, om du lurer på å flytte til den flotte kommunen vår - her er du velkomen 🌼

Les meir om livet i Vinje her, på vinjenaturlegvis.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Les meir om Vinjelosen her

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?