Vinje kommune satsar på klarspråk!

Ein av tre forstår ikkje informasjon som kjem frå kommune, fylke eller stat. Dette ynskjer me i Vinje kommune å gjera noko med, og har difor starta opp eit systematisk arbeid for å gjera måten me kommuniserer på klarare.

Kva er klarspråk?

Klarspråk er kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår den og kan bruke den.

(Språkrådet)

Språklova seier at offentlege organ skal bruke eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa. Satsinga vår på klarspråk er også forankra i Vinje kommune sin målbruksplan og kommunikasjonsplan.

Slik vil me arbeide med klarspråk:

  • Ei arbeidsgruppe skal planleggje og koordinere tiltak for å auke kompetanse om klarspråk blant tilsette i Vinje kommune. Kontaktperson for arbeidsgruppa er kommunikasjonsmedarbeidar Kari Omdal Tveito.
  • Me vil tilby ulike kurs og webinar for tilsette, mellom anna kurset "På sakslista", som me gjennomfører i samarbeid med LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar).
  • Me vil arbeide systematisk med å forbetre standardtekstar og malar som blir brukt i kommunen. Det kan til dømes vera brev, vedtak, skjema og planar. Dette er eit stort arbeid som me vil jobbe med over tid.
  • Leiarane har eit særskilt ansvar for kommunikasjon, og er viktige pådrivarar i klarspråkarbeidet. I november arrangerte me eit eige kurs om klarspråk for leiarar, og framover vil me ta opp ulike klarspråkprinsipp med leiarane med jamne mellomrom.

Me veit at det tek tid å endre skrivevanar, og vil difor arbeide systematisk over fleire år for å få til denne endringa.

Les meir om språkarbeidet vårt

LNK har skrive om klarspråkarbeidet vårt. Les meir på nettsida deira her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?