Bli med pĂ„ fotokonkurranseđŸ“·

Me vil gjerne vise fram meir av den flotte kommunen vÄr, og inviterer difor til fotokonkurranse!

Du kan sende oss bilde i ulike kategoriar, til dĂžmes av natur og landskap, attraksjonar eller situasjonsbilde. Me ynskjer bilde frĂ„ alle Ă„rstider, og alle delar av kommunen - kanskje akkurat du har nokre fine bilde liggande pĂ„ lur? 😀

Reglar for deltaking:

  • Bilde mĂ„ vera frĂ„ Vinje kommune, og du mĂ„ skrive kvar i Vinje bilde er tatt.
  • Me kan ikkje bruke bilde som inneheld alkohol.
  • Me kan ikkje bruke bilde av enkeltpersonar, med mindre bilda er tatt pĂ„ ein mĂ„te som gjer at personane ikkje kan bli kjent att. Det kan til dĂžmes vera om personane er fotografert pĂ„ avstand eller bakfrĂ„.
  • Vinje kommune stĂ„r fritt til Ă„ bruke alle innsende bilde nĂ„r konkurransen er avslutta, ogsĂ„ dei som ikkje vinn premie. Me vil skrive kven som er fotograf nĂ„r me brukar bilda, og kan bruke dei pĂ„ heimesida, i innbyggarappen, i sosiale media og som illustrasjonsbilde i brosjyrer og presentasjonar.

Frist for Ă„ sende inn bilde er 22. februar 2026.

Premiering

Me delar ut gÄvekort pÄ 1000 kr til tre heldige vinnarar.

Vinnarane blir publisert pÄ heimesida vÄr.

Slik sender du oss bilde:

  • Send bilde pĂ„ sms, til telefon: 94 05 02 17, eller
  • Send bilde pĂ„ e-post til: tenestetorget@vinje.kommune.no
  • Hugs Ă„ skrive kven som er fotograf og kvar bilde er tatt.

Om du har spÞrsmÄl kan du ta kontakt med Kari pÄ Tenestetorget, telefon 35 06 23 00.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?