Endring av gebyr ved tiltak knytt til bustad

Ordninga med fritak for gebyr på alle tiltak knytt til bustad innan reguleringsplan, byggesak og oppmåling, vert fjerna.

Fjerning av fritak vart vedteken i kommunestyret 16.12.25, sak 107/2025.

Saka kan du lese her i årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2027 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Vurdering som ligg til grunn:

«I gjeldande gebyrregulativ er alle tiltak knytt til bustad friteke for gebyr innan reguleringsplan, byggesak og oppmåling. Dette har vore eit verkemiddel for å stimulere til bustadbygging, men prinsippet om likebehandling tilseier at gebyrpolitikken bør vera rettferdig og føreseieleg. Det er mange søknader om bustadtiltak som fører til mykje sakshandsaming og betydeleg ressursbruk, utan at dette genererer inntekter for kommunen. Det bør difor gjerast ei vurdering av om fritaket for bustadtiltak framleis er økonomisk berekraftig, sett opp mot ressursbruken i forvaltninga.»

Illustrasjonsbilde av kart tomt med bygg og veg

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?