Kommunale avgifter 2026

Fyrste faktura for 2026 er sendt ut. Fakturaen er for januar og har forfall 20. februar.

Nyttig å vita om faktura på kommunale avgifter

Kva betaler du for:

  • Renovasjon, feiing/tilsyn, vatn og avløp
  • Slamtøming for dei med slamtankar/minirenseanlegg. Du betaler det året tanken blir tømt. For hytter med anlegg som skal tømast kvart 4. år, er det tøming i 2026.

Kommunen sender faktura ei gong i månaden

  • Kommunen sender ut fakturaer rundt den 20. kvar månad med forfall den 20. månaden etter.

Du kan endra på kor ofte du får faktura

  • 4 gonger: du få faktura i februar, mai, august, november
  • 2 gonger: du får faktura i februar, august
  • 1 gong: du får faktura i februar

Slik endrar du:

  • Send ein e-post til tenestetorget.no
  • Skriv kva du ynskjer å endre til, namn, telefonnummer, gards- og bruksnummer og adressa til eigedomen.
  • Har du ikkje moglegheit til å sende e-post, kan du ringe oss på telefon 35 06 23 00.

Slik betaler du faktura frå Vinje kommune

Du vel sjølv om du vil betale med efaktura eller avtalegiro.
Du får faktura med post om du ikkje har oppretta avtalegiro eller efaktura i nettbanken din.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?