Me ynskjer 3 nye helsefaglærlingar velkomen til Vinje kommune!

Me startar året med ei viktig satsing på kompetanse innan helse og omsorg.

I januar har tre nye lærlingar i helsefag gått i gang med læreløpet sitt.

To av dei er vaksne lærlingar, som fylgjer den nye modulstrukturerte opplæringa ved Vest Telemark vidaregåande skule. Denne ordninga deler undervisinga inn i mindre sjølvstendig modular og byggjer vidare på kompetansen lærlingane allereie har. Slik vert opplæringa meir fleksibel og betre tilpassa vaksne sine behov og livssituasjon, og gjev eit kortare og meir målretta løp, særleg for dei som har fleire års erfaring frå praksisfeltet i kommunen.

Den tredje lærlingen har fullført Vg2 helsearbeidarfag og har fått lærekontrakt som ordinær lærling.

Denne veka inviterte me i avdelinga for helse og meistring, i samarbeid med opplæringskontoret (OKOS), til oppstartsmøte med lærlingane, instruktørar og avdelingsleiarar. Møtet sikra ein god start med felles informasjon, avklaringar og ein inspirerande dialog om læringsløpet vidare.

Med engasjement, motivasjon og eit spennande læringsløp framfor seg, er lærlingane no klare til å ta steget vidare mot fagbrev.

Me ynskjer dei varmt lukke til!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?