Helsestasjon for ungdom 20 år!
Vinje kommune har hatt helsestasjon for ungdom i 20 år – to tiår med støtte, tryggleik og viktige møte med unge i kommunen.
Sidan dørene opna i 2005 har helsestasjonen vore eit lågterskeltilbod der ungdom kan koma akkurat som dei er – for spørsmål, samtale, hjelp eller berre eit lyttande øyra. Tenesta har vore ein viktig del av arbeidet med ungdom si helse, meistring og livskvalitet.
Litt historikk
For vel 20 år sidan var det ikkje så mange kommunar som hadde tilbod om helsestasjon for ungdom. Det var helst storbyane som hadde dette tilbodet. Me stilte oss spørsmålet: kvifor skal ikkje ungdom i bygde-Noreg ha same tilbod som i storbyane? Dette ynskte me å gjera noko med, og oppretta eit prosjekt med forankring i leiinga i kommunen.
Med bakgrunn i handlingsplanen "Forebygge uønskt svangerskap og abort", søkte me om midlar frå Helsedirektoratet, og 5. mars 2005 opna helsestasjon for ungdom i Vinje. Vinje kommune var den fyrste av kommunane i Vest-Telemark og kommunar rundt som opna helsestasjon for ungdom.
Kva er ungdomshelse?
Ungdomshelse omhandlar meir enn seksualitet og prevensjon. Det inneber og mellom anna jordmorteneste, psykisk helse, rus, kriminalitet, radikalisering, bruk av sosiale medium, skulekvardag, vener, heimesituasjonen - altså livet på godt og vondt. Det handlar om vegen frå barn til ung vaksen, med alt det det inneber av tankar, kjensler og utfordringar.
Bak kvar samtale, kvar test og kvar rådgjeving står engasjerte fagpersonar som møter ungdom med respekt og tryggleik. Gjennom desse åra har tilsette vist fagleg stort ansvar, og med varme, klokskap og fagleg tyngde har dei bygd opp tenesta slik den er i dag.
Ungdomane er med å forme tenesta
Ungdomane har via ungdomsrådet etterspurt meir kunnskap og meir undervisning i skulane. Helsestasjon for ungdom har og såleis vore med å utvikla undervisningsopplegg for betre seksualundervisning i skulen.
Det er ungdomane sjølve som er hjartet i helsestasjonen. Deira tillit, mot til å spørje, og vilje til å søke hjelp har forma og utvikla tenesta gjennom åra.
I løpet av desse åra har me møtt ungdom som har delt tankar, uro, latter og håp med oss, og me har fått fylgje dei gjennom små og store utfordringar i livet. Det er eit privilegium å få lov til å vere ein trygg vaksen i kvardagen til unge som vågar å koma akkurat som dei er.
Tett samarbeid med andre
Gjennom tett samarbeid med skular, fastlegar, jordmor, psykisk helse, fritidsarenaer og andre kommunale tenester, har helsestasjonen utvikla seg i takt med ungdomane sine behov. Nye tema, nye utfordringar og nye generasjonar har gjort oss til ei teneste som stadig lærer og veks.
Vegen vidare
Når me går inn i dei neste 20 åra, held me fram med same mål: å vere ein trygg stad for ungdom – ein stad der kvar og ein blir møtt med respekt, fagleg kompetanse og ei open dør.
I løpet av veke 6 vil me besøke kvar skule og informere om tilbodet vårt, samt ha ei lita markering.
Takk til alle ungdomar som har tatt turen innom oss. Takk til alle som har jobba her, tidlegare og no. Og takk til Vinje kommune og samarbeidspartnarar som har støtta oss på vegen.
Ein blir så audmjuk og full av takksemd i møtet med dei unge som viser oss slik ein tillit. TAKK!
Her kan du lese meir om helsestasjon for ungdom Lenke til et annet nettsted.
Signe Bråstøyl, helsesjukepleiar
Sist oppdatert
