Ver merksam på at hjorteviltet no trekkjer nærare vegane!

Det er mykje elg som trekkjer mot vegane, og fleire av trekkrutene er over europavegen, men også langs dei andre hovudvegane!

Sno og kulde gjer til at hjortevilt trekkjer ned mot vegen. Her er «lettført» og mange stadar tilgang på mat.

Det er difor lurt å senke farten og vera ekstra merksam når du er ute å køyrer❗️

Kva skal du gjera ved påkøyrsel av dyr

  • Om det er skada personar som treng akutt hjelp, må du ringe 113.
  • Ringe politiet på 02800 og meld frå om påkøyrselen.
  • Merke staden der påkøyrselen skjedde, slik at dei som kjem for å spore dyret veit kvar dyret er, eller kvar dei skal starte å leite etter det skada dyret.
Merkelapp ved viltulykke

Merkelapp ved viltulykke

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?