Snøskuterkino på Hovden 14. mars
"Flåklypa: frå Paris til pyramidene"
Vinje kommune ynskjer å auke aktiviteten i heile kommunen og støtte gode tiltak der folk bur. Me gler oss til å invitere til drive-in snøskuterkino, i samarbeid med Bygdekinoen og Møsstrond turisthytte.
- Laurdag 14. mars. Filmen startar kl. 18.00
- Du må stille med skuter sjølv
- Me ordnar med fellesløyve for snøskuterkøyringa. Fellesløyve er berre gyldig i lag med kinobilletten!
- Kjøp billett her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kle dykk etter veret - dette er utekino!
Me tek atterhald om vêr og føreforhold. Ved eventuell avlysing blir billettane refundert.
Om filmen
Flåklypa: Frå Paris til pyramidene.
Ei utesta oppfinning, ein nysgjerrig Solan og ein topptrimma grasklyppar på ville vegar gjer at ordføraren bannlyser trioen frå Flåklypa. Solan, Ludvig og Reodor må difor vinne det spektakulære rallyet frå Paris til pyramidane – denne sigeren er den einaste måten dei kan kome heim att på. Il Tempo Gigante skal ut på vegen, og det blir full gass, høg puls og sjarmerande moro når trioen forlèt den trygge bygda og legg ut i den store verda.
Om Møsstrond
Det veglause samfunnet på Møsstrond er ei tradisjonsrik bygd som har tilpassa seg tøffe naturtilhøve i over tusen år. Utan vegsamband er livet organisert rundt båtturar om sommaren og snøskuter eller luftputebåt om vinteren, med kyrkja og turisthytta på Hovden som naturlege samlingspunkt.
Bygda har eit levande miljø med mykje aktivitet. Nyleg avvikla grendelaget den tradisjonsrike juletrefesten, med program både i kyrkja og på den gamle skulen. Skulen, som i dag husar Møsstrond Turisthytte, er eit viktig nav i bygda. Dei nye drivane er godt i gang med å utvikle plassen og skape både arrangement og aktivitet.
Då ideen om snøskuterkino dukka opp, var turisthytta på Hovden det naturlege valet – både fordi ho ligg midt i bygda og fordi ho har dei rette fasilitetane. Det er òg sporty av Bygdekinoen å stille opp på dette nybrottsarbeidet!
Kontakt
For spørsmål kan du ta kontakt med arrangementansvarleg David Rönnlund: Telefon: 91 69 67 41
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Sist oppdatert
