Meld deg på UKM 🤩

Har du skrive ein flott tekst, laga ein liten dans, filma noko morosamt, teke eit flott bilete, laga noko fint, øva inn ein song, eller kanskje har du eit trylletriks på lur? Då må du melde deg på UKM!

Vinje kommune arrangerer UKM laurdag 7. mars.

  • UKM er for barn og unge i alderen 10 -18 år.
  • Påmeldingsfristen er fredag 27. februar.
  • UKM står for Ung kultur møtast, og er ein sosial arena for ung kultur.

Viktig informasjon om påmelding

Når de fylgjer lenka for påmelding er de inne i UKM-Norge sin digitale plattform. Her er det ungane sjølve som må melde seg på. Om det er foreldre som melder på ungane sine, er det plutseleg ein gjeng med foreldre som må stille opp med kveding, dans og kunst 7. mars 😀

Ungane skal melde seg på her! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

UKM Vinje 2026

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?