Slepp mobilen – ta fram boka!
Velkomen inn i Leserommet, ein lesekampanje for vaksne som er lei av at skjermen tek for mykje plass. Bli med oss og finn nye rom til lesing i kvardagen.
Ingen krav – berre leseglede
I Leserommet måler me ikkje antal bøker eller sider. Det viktigaste er å finne rom til å lese i kvardagen, og å dele lesegleda med andre om du ynskjer det.
Korleis bli med?
Det er enkelt å bli med. Hent eit avkryssingskort på biblioteket, og kryss av for kvar leseaktivitet du gjer – det kan vera å låne og lese ut ei bok, delta på arrangement, eller svare på Telemark-quizen vår, med meir! Kvart kryss tel som eit lodd.
Lever inn avkryssingskortet på biblioteket innan 1. april og bli med i trekninga av fine premiar. Det er lov å levere fleire enn berre eit.
Leserommet varer frå 1. februar til 1. april.
Premiar:
- Ein middag for to på Bjåland Bygderestaurant
- Gåvekort for to personar på Bygdekinoen
- Boka "Ørkenparet" av Hilde Lindset, årets vinner av Bibliotekets litteraturpris
- Boka "Ikke mennesker jeg kan regne med" av Kyrre Andreassen, årets vinner av Telemark litteraturpris
Sist oppdatert
