Der ingen skulle tru at nokon kunne ha formannskapsmøte!

I eit gnistrande vinterlandskap la formannskapet i Vinje ut på tur førre veke. Det blei eit møte litt utanom det vanlege!

Med snøskuter og ski tok møtedeltakarane seg innover isen til møte på Møsstrond turisthytte - langt frå både kvardagsstress og vanlege møterom.

Turisthytta ligg på Hovden, ei øy i Møsvatn.

Formannskapet og kommunedirektøren 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?