No kan du søkje om sommarjobb for ungdom!
Vinje kommune tilbyr sommararbeid for ungdom ved ulike kommunale arbeidsplassar.
Gjennom sommarjobben vil du
- få verdifull arbeidserfaring
- lære om ulike yrke og arbeidsoppgåver
- gjera ein innsats for andre og bidra i lokalsamfunnet
Tilbodet er for deg som gjeng ut av 10. klasse i vår, og til og med året du fyller 17 år.
Du kan søkje om å ha sommarjobb i Edland, Rauland/Øyfjell eller Åmot. Du kan søkje fleire plassar om du ynskjer det.
Søknadsfrist: 6. april 2026
Lenke til søknadsskjema finn du her:
- Sommararbeid for ungdom Åmot Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Sommararbeid for ungdom Edland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Sommararbeid for ungdom Rauland og Øyfjell Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
👉 Meir i nformasjon om sommarjobb for ungdom kan du lese her
Velkomen som søkjar😀
Sist oppdatert
