Kurs i demens - for frivillige og bedrifter
Vinje kommune skal bli ein demensvenleg kommune. Difor tilbyr me eit gratis times langt kurs for tilsette i alle servicenæringar og frivillige i lag og organisasjonar, som vil lære litt meir om korleis de kan møte personar med demenssjukdom.
Kunnskapen frå kurset vil gjere det enklare å yte god service i møte med dei som har demens. Det vil bety mykje for dei det gjeld og deira pårørande. Ved å delta kan de bidra til at Vinje vert eit meir inkluderande samfunn.
Me har sett opp fylgjande stad og tid for kurs:
Kurs for frivillige
- 5. mars kl 13.00 - 14.00.
Åmot, Trevet i bibliotekbygget
Kurs for bedrifter
- 9. mars kl. 17.30-18.30
Åmot, Trevet i bibliotekbygget - 11. mars kl. 08.00-09.00
Åmot, Trevet i bibliotekbygget - 13. april kl. 17.30-18.30
Rauland, ungdomsklubben (gamle Sondov) - 15. april kl. 08.00-09.00
Rauland, ungdomsklubben (gamle Sondov) - 20. april kl. 17.30-18.30
Edland, skulen - 22. april kl. 08.00-09.00
Edland, skulen
Om tidspunktet for di målgruppe ikkje passar, kan du gjerne melde deg på ei av dei andre tidene.
Meld deg på her
- Demenskoordinator Marianne Eriksen, på e-post: marianne.eriksen@vinje.kommune.no , eller på telefon 90 91 44 69 (dagtid)
- Leiar i frivilligsentralen Sigrid Hylland, på e-post: sigrid.hylland@vinje.kommune.no
Skriv namn på person, lag eller bedrift og kor mange som kjem i påmeldinga.
Arbeidsplassen får eit symbol/ klistremerke som syner at tilsette har delteke på kurs. Etter gjennomførd kurs får deltakarane ein foldar med gode tips.
Sist oppdatert
