Me startar opp med trening for KOLS-gruppe
Friskliv og meistring startar opp KOLS-gruppe i styrkerommet på Vinjehuset, onsdagar frå kl. 12.00–13.00.
Oppstart er onsdag 4. mars
Dei fyrste fem vekene vil treninga bli veileda av fysioterapeut. Deretter legg me opp til eigentrening.
Målet er å gje deltakarane tryggleik og gode rutiner, slik at dei kan fortsette å trene på ein sikker og hensiktsmessig måte saman med andre i same situasjon.
Styrkerommet vil vera reservert til eigentrening i dene tida fram til sommaren.
Meld deg på
Om du ynsker å delta i denne gruppa kan du ta kontakt med fysioterapeut Mirjam Ravneng på e-post: mirjam.ravneng@vinje.kommune.no eller på telefon 90 28 97 47
Sist oppdatert
