Statkraft melder om lågare vasstand i Bordalsvatn og Førsvatn!

Grunna større vedlikehaldsarbeid i Kjela kraftverk i perioden 29.april til 30.oktober 2026, vil vasstanden i Bordalsvatn og Førsvatn vera lågare enn normalt resten av vinteren og gjennom våren og sommaren.

Nemde magasin skal senkast ned mot lågaste regulerte vasstand (LRV) til 29.april.

Det blir og ein periode på 6-8 veker i perioden juni-september der Venemo må vera på ca. 686 moh. (sommarvasstand Totak), i samband med asfaltreparasjonar på Venemo dam.
I periodar gjennom sommaren vil det og bli tapping frå Venemo dam.

Logo Statkraft ny

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?