Pressemelding: Tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i Vinje

Det er påvist eitt tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i Vinje kommune. Det er gjennomført smittesporing, og nærkontaktar er identifiserte. Alle nærkontaktar har fått tilbod om førebyggjande behandling.

Dette er ikkje eit utbrot. Det er så langt ikkje påvist vidare smittespreiing.

Sjukdommen blir overført ved dråpesmitte og forutset vanlegvis tett kontakt med den smitta. Sannsynligheiten for at fleire skal bli sjuke er låg.

Nærkontaktar er personar som til dømes deler bustad, bad eller kjøkken med den smitta, eller som har hatt tett kontakt ved til dømes å drikke frå same glas eller flaske, kysse eller hatt seksuell kontakt.

Nærkontaktar som har fått førebyggjande behandling treng ikkje isolere seg eller vere i karantene.

Andre som veit dei har vore i kontakt med den smitta treng ikkje kontakte helsevesenet dersom dei er utan symptom, men bør ta kontakt dersom dei utviklar symptom.

Symptoma kan i starten vere uspesifikke og likne influensa eller forkjøling. Vanlege symptom er feber, frysningar, hovudpine, muskelverk, lysskyheit, kvalme, oppkast eller diaré. Seinare kan ein få nakkestivheit og små hudblødningar som kan likne utslett. Desse vil ikkje forsvinne om du pressar eit glas mot huda.

Sjukdommen kan utvikle seg raskt. Ved symptom er det viktig å ta kontakt med lege straks, og opplyse om mogleg eksponering for smittsam hjernehinnebetennelse.

Marius Opsahl
Kommuneoverlege Vinje

Illustrasjon FHi

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?