Digital post frå og til Vinje kommune
Vinje kommune sender posten ut elektronisk. Denne posten går til den digitale poskassa du har valt, enten Digipost, e-Boks eller Altinn.
Digital post frå kommunen
Har du valt Digipost eller e-Boks, får du alltid posten frå kommunen dit, og du vil ikkje få brev i postkassa.
Dersom du ikkje har Digipost eller e-Boks, så blir post frå kommunen sendt til Altinn. Alle har ein innboks i Altinn. Du må logge deg inn i Altinn via ID-porten.
Om du ikkje opnar brevet i Altinn i løpet av 2 verkedagar, vil det bli skrive ut og sendt til deg i posten.
Bedrifter vil ikkje få posten sendt som ordinær post. Den må leses i Altinn.
Fordel med digital post er at du får posten raskare, fordi du slepp å vente på postgangen. Du kan lagre den der du ynskjer og me sparar miljøet!
Sikker sending til kommunen
Kommunen nyttar tenesta eDialog. Dette tilsvarar e-post, men med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei inneheld sensitiv og teiepliktig informasjon.
For å bruke eDialog, må du logge deg på via ID-porten.
Sist oppdatert
